Sponsorat

Neste søknadsfrist: 1. april 2025.

Med sponsormidlane ønskjer Fjord1 å fremje mangfald, trivsel og nødvendige behov innanfor idrett og kultur i dei distrikta vi opererer i. Vi ønskjer å vere ein engasjert samfunnsaktør, spesielt på Vestlandet kor vi er tyngst representert, og vi nyttar sponsing som eit verkemiddel for å nå dette målet. 

Fjord1 har valt å støtte både lag og organisasjonar i deira arbeid, både gjennom langsiktige prosjekt og ved enkeltarrangement. Selskapet sine primære sponsorobjekt er innan idrett og kultur. Fjord1 ønskjer å satse på breidde framfor smale målgrupper, og lag framfor enkeltutøvarar. Barn og unge er ein viktig del av målgruppa for sponsing. Det skal vere breidde- og ikkje eliteutøvarar. Fjord1 støttar ei rekke aktørar også gjennom annonsemateriell. 

I ein del av sponsorengasjementa som Fjord1 er med på, ønskjer selskapet langsiktig tenking. Dette sikrar ein betre effekt av dei investeringane som vert lagt ned i tid og pengar i sponsorobjektet. I tillegg viser erfaring at ein må vere med over tid for å bli assosiert med sponsorobjektet. 

Gjennom sponsoravtalane bygger Fjord1 relasjonar til kundar, medarbeidarar og våre samarbeidspartnarar innan idrett, kultur og organisasjonsliv. Vi ønskjer å vere synlege i lokalsamfunnet der vi har ruteproduksjon, og vi ser alltid etter ein god «sponsormatch»!

Foto over av Cecilia Molander.

Nokre av avtalane er langsiktige og går over fleire år, medan andre er kortvarige. I tillegg støttar selskapet ein rekke aktørar gjennom støtteannonsar og anna marknadsføring.