Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass både på landsida og sjøsida, og det er eit breitt spekter av stillingskategoriar i selskapet.

Fjord1 ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse i arbeidsmarknaden, særleg til administrative stillingar innanfor teknologi, innovasjon og miljø.

Selskapet ser det også som viktig å ha fokus på å utvikle og tilføre ny kompetanse hos dagens tilsette. Fjord1 arbeider etter prinsippet «tiltrekke – behalde – utvikle», og har eit konstant fokus på korleis ein kan bli enda betre. Eit viktig punkt her er tilrettelegging og oppfordring til intern rekruttering på tvers av selskapet.

Fjord1 vil bidra til at dei tilsette har den nødvendige erfaringa og kompetansen til å utføre arbeidet. Endra rammevilkår, det grøne skiftet og ny teknologi krev tiltak for å styrke kompetansen og utvikle organisasjonen i tråd med nye krav både for selskapet som heilskap og dei tilsette.

Leiar- og medarbeidarutvikling

Selskapet har over tid arbeidd målretta med å utvikle leiarar og medarbeidarar på alle nivå i organisasjonen.

 

Nye tilsette og mange moglegheiter

Fjord1 tilbyr alle nytilsette eit digitalt onboardingprogram.

Gode arbeidsmiljø

Eit godt arbeidsmiljø vert mellom anna kjenneteikna av gode relasjonar mellom mennesker, eit sosialt miljø, tydelege ansvarsområder og roller, arbeidsglede og arbeidslyst. 

God informasjon, eigarskap til arbeidsoppgåver, aktiv deltaking i eigen kvardag og tillit mellom leiing og tilsette sikrar forankring til eit godt miljø. For å oppnå dette, er det viktig med god oppfølging og tilrettelegging for medarbeidarane - ved hjelp av rutinar som er kjend for alle.

Ei velfungerande leiing set krav, legg til rette og byggjer kultur i lag med medarbeidarane i Fjord1.

Tilsettgoder

Gjennom "Velferden" i Fjord1 får tilsette ei rekkje ulike tilbod og gunstige rabattar, fellesturar og arrangement. I tillegg eig Velferden fleire bedriftshytter på ulike stadar i landet som tilsette får leige.