Vi set stor pris på dei mange henvendingane - det er kjekt å sjå interessa for praksisplass i Fjord1!  

Kvart år tek vi imot elevar frå ungdomsskule og vidaregåande skule, spesielt frå TIP/VG2 Maritim linje. Dessverre har vi ikkje plass til alle. 

For å sikre ei smidig og rettferdig handsaming av søknadane, ber vi om at du sender oss ei skriftleg henvending.

Vi ønskjer at søknaden inneheld følgjande informasjon:

  • Ein kort omtale av kandidaten.
  • Kva for samband eller geografisk område kandidaten er særleg interessert i.
  • Send henvendinga pr. mail til: post@fjord1.no