Visjon: Best på miljøvennleg og påliteleg transport.
Fjord1 skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport for våre kundar, oppdragsgjevarar og samarbeidspartnarar.
Gjennom imøtekommande og profesjonell service, skal Fjord1 sine tilsette gjere reisa på fjorden til ein sikker, komfortabel og saumlaus oppleving.
- Vi skal vere best på miljøvennleg transport
- Vi skal gje eigarane våre stabil, god avkastning på investert kapital
- Vi skal halde det vi lovar kundane våre
- Vi skal behandle dei tilsette på ein slik måte at dyktige folk har lyst til å arbeide her
- Vi skal vere ein føretrukken samarbeidspartnar for oppdragsgjevarane våre
- Solide økonomiske resultat, sunn forretningsdrift, kvalitet i alle prosessar
Verdiane
- Godt humør
- Open og ærleg
- Påliteleg- vi held det vi lovar
- Lønnsam
- Samhandling og teamånd
- Stolt
Fjord1 sine verdiar skal reflektere kven Fjord1 er og korleis vi arbeider. Verdiane skal vere rettleiande for korleis Fjord1 sine medarbeidarar skal opptre i kvardagen, både internt og eksternt. På denne måten blir verdiane viktige styringsverktøy i kvardagen og dannar grunnlag for selskapet sin identitet.
Selskapet sine verdiar er sentrale i arbeidet med å bygge ein sunn og sterk organisasjonskultur. Verdiane er sentrale for den felles interne kulturen i selskapet, som skal vere trygg, sunn og samlande for alle tilsette. Verdiane er og sentrale i møte med eksterne samarbeidspartnarar, som til dømes leverandørar, oppdragsgjevarar og i møte med våre reisande.
Etikk
Fjord1 sine forretningsetiske retningslinjer byggjer på selskapet sine verdiar og gjeld for alle tilsette i heile selskapet.
Ved å forankre vår åtferd i selskapet sitt felles verdigrunnlag og opptre i høve til desse retningslinjene, kan vi bidra til ein høg etisk standard i alle delar av selskapet.
Fjord1 er avhengig av tillit i frå kundar, offentlege myndigheiter, leverandørar og samfunnet generelt. Det er difor viktig at selskapet vert kjenneteikna av høg etisk standard der våre avgjerder vert styrt av normer, verdiar og etiske reglar som samsvarar med alminneleg rettsoppfatning.
Gjennom høg etisk standard, og ein sterk intern kultur skapar vi tillit og eit godt omdøme.
Les dei forretningsetiske retningslinjene til selskapet i vedlegg under: