Fjord1 AS ivaretek brukarane sitt personvern. I dette avsnittet forklarer vi korleis vi samlar inn og nyttar informasjon om våre brukarar, og korleis vi tek omsyn til personvernet.
Kva slags informasjon vert lagra?
Alle brukarar på www.fjord1.no blir behandla anonymt. Nyttar ein nokre av våre skjema for å ta kontakt med Fjord1, vil opplysningane som blir oppgitt kun nyttast til det føremål å løyse saka for den enkelte.
Behandlingsansvarleg
IT-avdelinga i Fjord1 er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Det kjem fram under kvart enkelt punkt der det daglege ansvaret er delegert. Delegeringa omfattar kun oppgåvene, og ikkje ansvaret. Erklæringa inneheld opplysningar som ein har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningsloven § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningsloven § 18, 1.ledd).
Sopra Steria AS er Fjord1 AS sin databehandlar, og er vår totalleverandør for utvikling, drift og vedlikehald av nettstaden. Leverandøren nyttar underleverandørar til å utføre oppgåver knytt til databehandling.
Opplysningar som vert samla inn i samband med drift av nettstaden, vert lagra på eigne serverar som vert drifta av leverandøren. Det er kun Fjord1 AS og Sopra Steria AS med underleverandørar som har tilgang til opplysningane som vert samla inn. Ein eigen databehandlaravtale mellom Fjord1 AS og Sopra Steria AS regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den blir behandla.
Kva blir den lagra informasjonen nytta til?
Vi nyttar informasjon som blir oppgitt i våre kontaktsskjema.
Vi nyttar også informasjonen som blir lagt inn når ein meld seg på Fjord1 si varslingsteneste for trafikkmeldingar på SMS / Epost eller når ein bestiller bilplass ved eit av våre hurtigbåter.
Føremålet med lagring av informasjon er:
- Tilby ønska teneste til deg som brukar (trafikkmeldingar)
- Sende stadfesting på booking av bilplass på hurtigbåt samt oppføring i køyreplan til fartøya
- Hjelpe deg med dine henvendingar (kontakt oss)
- Berekne og rapportere brukarantall og trafikk. Dette blir behandla anonymt og er kun basert på antall klikk og antall besøk
- Forbetring av nettsida basert på bruk
Opplysningar vert samla inn på følgjande måte:
- Opplysningar som du sjølv gir ved bruk av våre tenester på www.fjord1.no
- Bruk av skjema for å sende inn søknadar, klage m.m.
- Påmelding til varslingstenester som trafikkmeldingar
- Ved booking av bilplsas via skjema på fjord1.no eller telefon.
- Klikkhistorikk basert på analyseverktøy Google Analytics
- Fjord1.no brukar analyseverktøyet Google Analytics for å innhente og vurdere informasjon om korleis besøkande brukar nettstaden. Google Analytics brukar informasjonskapslar. Kun generell trafikkstatistikk som nettlesartype, klokkeslett, språk og hvilken nettside brukaren kommer ifrå blir samla.
Bilbestilling hurtigbåt
Ved bestilling av bilplass registrerast skiltnummer, namn, telefonnummer, epost samt avreisetidspunkt og destinasjon. Opplysningane vert nytta til å sende ut bekreftelse på SMS eller epost samt oppføring i køyreplan til fartøya. Data ved registrering av bilplass vert lagra i inntil 4 veker før det vert sletta.
Teknisk informasjon om din einheit og internett-tilkopling
Gjennom tenarloggar og andre verktøy registrerer vi informasjon om einheiten og tilkoplinga til tenesta, som til dømes operativsystem, nettlesarversjon, IP-adresser, informasjonskapslar og unike identifikasjonsfiler. Eit døme på korleis vi kan bruke denne informasjonen er at vi tilpassar visninga av Fjord1 til den einheiten du nyttar, slik at du som brukar får ei best mogleg oppleving av tenesta.
Informasjonskapslar og anna innhald som blir lagra lokalt
Når du besøker www.fjord1.no nyttar vi ulike teknologiar for å betre din brukaropplevelse. Vi nyttar tredjepartscookier, altså cookies frå andre firma, t.d. i samband med målingar av trafikk/bruk.
Fjord1 AS nyttar seg av desse tredjepartstenestane:
Zendesk til administrasjon av kundehenvendingar – offisielle norske trafikktal på web Google Analytics – brukartal og analyse. Ingen personopplysningar blir delt med tredjepart.
Kva er ein cookie?
En cookie er ein liten tekstfil som blir lagra på datamaskinen, mobilen eller nettbrettet ditt av nettstaden du besøker. Den inneholder adressen til nettstedet og kodene som nettleseren din sender tilbake til dette nettstedet hver gang du besøker en side der. Cookies inneholder vanligvis ikke personlig eller sensitiv informasjon og er vanligvis harmløse og faktisk svært nyttige.
De fleste nettstedar du besøker bruker cookies for å forbedre brukeropplevelsen din ved å gjøre nettstedet i stand til å «huske» deg. Enten i løpet av besøket ditt (en «session cookie») eller for gjentagende besøk (en «persistent cookie»).
-Slik hindrar ein at cookies blir lagra:
Ein kan slette cookies frå harddisken når som helst. Dette gjer imidlertid at personlege innstillingar forsvinn. Ein kan også endre innstillingane i weblesaren slik at den ikkje tillet at cookies blir lagra på harddisken. Dette gir noko dårlegare funksjonalitet på enkelte websider. På www.fjord1.no har vi ikkje innlogging, så det vil kun ha ein innverknad på statistikk og hurtigsøk for deg som brukar.
Personleg data og historikk
Personleg informasjon som e-postadresse og telefon vil ikkje vere offentleg tilgjengeleg for andre brukarar. Unntaket er administrator og sakshandsamarar i Fjord1 AS. Her vil e-post adresse og opplysningar som vert oppgitt i søknadsskjema vere tilgjengeleg i samband med sakshandsaming av ditt innsendte skjema. Dette er nødvendig for yte best mogleg service for deg som kunde og brukar av vår nettside.
Sletting av personvernopplysningar
Fjord1 lagrar ikkje personopplysningar lenger, og i større grad enn det som er nødvendig for å oppfylle føremålet med behandlinga med mindre det er lovpålagd. Vi har omfattande rutinar for sletting og anonymisering. Hovudregelen er at personopplysningar blir lagra i maksimalt to år. Det kan variere kor fort opplysningane vert sletta.
Om du ønskjer å slette personopplysningar som er sendt inn via våre skjema på fjord1.no, kan ein sende ein e-post til: post@fjord1.no.
Endringar
Fjord1 kan endre personvernpolicyen for å følge lovmessige krav, samt vår eigen praksis for innsamling og handsaming av data.
Om du har spørsmål rundt Fjord1 sine vilkår og personvernpolicy, ta kontakt med oss på epost: post@fjord1.no.
Brukarrett
Alle som spør har rett på grunnleggande informasjon om handsaming av personopplysningar i ei verksemd etter personopplysningsloven § 18, 1. ledd. Fjord1 AS har gitt denne informasjonen i denne erklæringa, og viser til den ved eventuelle førespurnadar. Dei som er registrert i ein av Fjord1 AS sine system har rett på innsyn i eigne opplysningar. Vedkommande har også rett til å be om at uriktige, ufullstendige eller opplysningar som Fjord1 AS ikkje har krav på til å behandle blir retta, sletta eller supplert. Krav frå den registrerte skal svarast på kostnadsfritt, og seinast innan 30 dagar.
Tryggleik
Fjord1 AS har alminnelege tryggleiksloggar i sine fagsystem, og tryggleikssansvarleg har ansvaret for at dette er delegert. Det er dei tilsette sitt bruk av fagsystemet som blir registrert. Det blir ikkje gitt ytterlegare informasjon her av omsyn til tryggleiken i våre system.
Det rettslege grunnlaget for slike loggar er kravet om loggar i personopplysningsføreskrifta §§ 2-8 og 2-14, samt personopplysningsloven § 8 f), for å ivareta verksemda si sikring av andre informasjonsverdiar enn personopplysningar.