Fjord1 eig tre hurtigbåtar, og leiger inn sju passasjer- og kombibåtar frå underleverandørar. Nokre av fartøya tek både passasjerar og bilar, medan andre berre tek passasjerar.
Selskapet eig 49 % av Partsrederiet Kystekspressen ANS, som driv hurtigbåtruter frå Kristiansund til Trondheim, Brekstad til Trondheim og frå Vanvikan til Trondheim.