Her er oppskrifta:
(Gir ca. 20 sveler)
- 4 egg
- 1 liter kulturmjølk
- 1,5 kopp sukker
- 1 liter kveitemjøl
- 75 gram Soft Flora margarin
- 1,5 spiseskje natron
Smørkrem:
- 100 gram smør (romtemperatur)
- 60 gram melis
- 60 gram sukker
Sånn går du fram:
- Bland egg og sukker til eggedosis.
- Smelt smør og bland inn. Ta så i kulturmjølka.
- Bland inn kveitemjølet, litt og litt om gongen.
- Bland inn natron heilt til slutt. Alt må blandast og rørast godt.
- La røra stå ei god stund, før steiking på takke eller steikepanne.
Serverast med smørkrem - eller berre brunost.
Fjord1-kokkens hemmelege tips: «Svelerøra blir alltid best ved å lage denne kvelden før. På kjøling om natta. Jo meir egg, dess bedre på smak!»