Ferjene, som er planlagd inn i sambanda Seivika -Tømmervåg, og Edøy-Sandvika, er no på veg mot sine planlagde driftsområde. MF Tustna er sett i drift, medan MF Grip og MF Smøla er under klargjering til drift.
Søsterferjene MF Tustna og MF Grip skal trafikkere høvesvis A og B-ruta på Seivika-Tømmervåg. Begge ferjene har plass til 80 personbileiningar (PBE), og er bygd ved det tyrkiske verftet Cemre Shipyard. MF Smøla (50 PBE) vart overlevert til Fjord1 torsdag førre veke, og skal trafikkere sambandet Edøy-Sandvika. Allereie dagen etter formell overtaking på Havyard sitt verft i Leirvik, starta seglasen til Nordmøre. Ferja skal no klargjerast til rutestart og er planlagd i drift om kort tid.
Fjord1 har god framdrift på nybyggprosjekta trass i at ein opplev ein ekstraordinær situasjon i desse dagar med Korona-pandemi. Regionleiar i Fjord1, Odd Reidar Ormåsen, er difor ekstra glad for å meddele at Fjord1 sine nye og miljøvennlege ferjer snart er på plass som planlagd på Nordmøre.
-MF Tustna, Grip og Smøla vil alle bidra til ei omfattande oppgradering på sambanda samanlikna med dagens materiell. Dette er moderne el-ferjer som primært skal gå heilelektrisk. Dei er optimaliserte og skreddarsydd for sambanda med omsyn til stabilitet og energieffektivitet, i tillegg til å tilby gode passasjerfasilitetar. I tillegg til dei store utsleppskutta som fartøya representerer, vil det og innebære eit stort kvalitetsløft for våre reisande, seier Ormåsen.
Dei to siste nybygga i Nordmørspakken er MF Møringen og MF Stangvikfjord, og er venta å vere i drift før sommaren. MF Møringen vert B-ferje på Edøya-Sandvika, medan MF Stangvikfjord skal trafikkere sambandet Kvanne-Rykkjem.