Fjord1 følgjer utviklinga av situasjonen knytt til Koronaviruset (COVID-19) tett. Vår høgste prioritet er å ivareta sikkerheit og helse for våre passasjerar og tilsette.

Frå og med i ettermiddag, søndag 15.mars stoppar Fjord1 manuell billettering på alle ferjesamband. Dette er innført for å hindre at billettering ikkje vert ei kjelde til spreiing av smitte mellom trafikant og billettør.

Billettering vert gjennomført ved lesing av skiltnummer, der dette er mogleg. Passasjerar reiser fritt inntil vidare.

 

Kontantbetaling utgår på passasjerbåtane

På passasjerbåtrutene i Vestland (i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn) utgår kontantbetaling som betalingsmiddel med umiddelbar verknad.

 

Servering om bord

All servering i form av betent og sjølvbetente kioskar opphøyrer med umiddelbar verknad. Reisande vil difor ikkje kunne handle om bord i Fjord1 sine fartøy.

- Vi gjennomfører desse tiltaka i samarbeid med Statens Vegvesen og aktuelle fylkeskommunar med tanke på smittevern for våre tilsette og reisande, og håpar på forståing for det. Vi oppmodar dessutan alle våre reisande til å bli sittande i køyretøyet under overfarten. Om ein likevel forlet køyretøyet under overfarten, så legg vi til grunn at det kun er for nødvendige ærend eller beskjedar til mannskapet, seier driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset.

 

Oppdatert informasjon

Etterkvart som Fjord1 set i verk alternative automatiske billetteringsløysingar, vil ein finne informasjon om dette på heimesida vår, www.fjord1.no.