Fjord1 omsette for 826 millionar kroner i fjerde kvartal 2020. Det er ein auke på 20 prosent samanlikna med året før. Omsetninga for 2020 er på 3 117 millionar kroner, ein auke på 393 millionar kroner som følgje av 9 nye samband som starta opp 1. januar 2020.
Resultat før skatt for 2020 er 206 millionar kroner som er ein nedgang på 53 millionar kroner samanlikna med 2019. Som for mange andre selskapet har også Fjord1-konsernet aktivitetsområde som er direkte påverka av Covid19-restriksjonane. Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er godt nøgd med resultatet for 2020 i lys av ei utfordrande tid
Året 2020 har vore prega av stor aktivitet knytt til oppstart av nye elektriske ferjer. Ved utgangen av 2020 har Fjord1 30 elektriske ferjer. Den historisk flåtefornyinga og elektrifisering av sambanda dei siste åra har i 2020 bidrege til markante reduksjonar i CO2 og NOx- utslepp.
- Nye elektriske ferjer har gjort oss til det mest miljøvennlege ferjeselskapet i verda, og elektrisitet utgjer no 40 prosent av energibruken vår. Selskapets sin kompetanse innanfor ny teknologi gir oss moglegheiter og konkurransekraft til å konkurrere om nye kontraktar både i Norge og utlandet , seier Neteland.
Fjord1 har hatt fokus på å levere trygg og påliteleg transport drift under koronapandemien i 2020.
- Reiselivsnæringa har store utfordringar som følgje av covid19, og det vil prege aktiviteten også i 2021. Fjord1 ser likevel utsikter til framtidig vekst og vidare utvikling av denne spennande næringa, seier Neteland.