Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er spesielt tilfreds med resultatet for første halvår; i ein periode kor det er tatt levering av fem fartøy, og starta opp tre nye samband.
Fjord1 er no godt i gong med omstillingsprosessen i frå tradisjonelle dieselferjer til elektriske ferjer. I 2020 vil 28 elektriske ferjer vere i drift, som ein del av konvertering frå konvensjonell til elektriske ferjedrift.
- Det er samtidig stor aktivitet på anbodssida. Fjord1 har delteke i fleire store anbod så langt i år, og fleire store anbodsprosessar vil kome i løpet av hausten, fortel Neteland.
Mot slutten av året får Fjord1 levert ytterlegare fem ferjer; der to ferjer skal operere på strekninga Brekstad-Valset, og tre ferjer skal mellom anna skal operere på sambandet Hareid-Sulesund .
- Nybygga er med på å elektrifisere den norske ferjenæringa, og vi i Fjord1 er stolte over å vere ein leiande aktør innan det grøne skiftet, seier Neteland.