Fjord1 har inngått avtale med Kystekspressen om kjøp av to fartøy, som begge skal byggast om til framtidas hurtigbåtar. I tillegg har selskapet signert kontrakt med Brødrene Aa i Hyen for leveranse av eit nybygg.
Fjord1 skal drifte bybåtrutene Knarvik-Frekhaug-Strandkaien (Nordhordlandsruta) og Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta) i 15 år, frå 2025 - 2040. Innan oppstart skal Fjord1 sørge for utbygging av ladestasjonar på Knarvik og Askøy.
På Askøyruta vert tilbodet forbetra med to fartøy, mot dagens eine. Dette vert nullutsleppsfartøy med kapasitet til 275 personar. Hurtigbåten som skal trafikkere Nordhordlandsruta er lågutsleppsbasert og reduserer karbonavtrykket stort. Denne båten får kapasitet til 199 personar om bord. Alle fartøya er bygde for å gje passasjerane ei saumlaus reise med god plass om bord og eigne plassar til sykkelparkering.
Driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset, er svært glad for å bidra til Vestland fylkeskommune si store miljøsatsing:
- Med Fjord1 sine nye bybåtar er dette eit sterkt bidrag til den store miljøsatsinga, noko vi sjølvsagt er svært stolt over. Vi har ei lang historie med hurtigbåt og gler oss til å setje i drift dei første nullutslepp-hurtigbåtane i Vestland fylke. Dette er ein historisk milestolpe med overgang til fornybar energikjelde også på hurtigbåt. Vi takkar fylkeskommunen for tilliten og ser fram til ein spennande byggjeperiode framover, både med ladestasjonar, nybygg og ombyggingar.
Vestland fylkeskommune har høge ambisjonar i arbeidet med klimaomstilling, og kompetanseorganet Skyss har i fleire år arbeidd med omstilling av hurtigbåtar.
– Vi ser veldig fram til at Skyss kan levere eit betra tilbod der sterke miljøkrav også ligg til grunn, seier fylkesordførar Jon Askeland og held fram:
– Vestland har teke på seg ei grøn leiartrøye i dette arbeidet, og vi er glade for at næringslivet leverer. Det som no skjer her i vest, vekkjer også interesse andre stader, både innanlands- og i utlandet.