Fjord1 kunngjorde 22. april at selskapet har gjennomført ei gjeldsrefinansiering av selskapet sine eksisterande lånefasilitetar. Gjeldsrefinansieringa frå private investorar tilsvarar om lag 6,5 milliardar kroner. Provenyet vil mellom anna bli brukt til å tilbakebetale selskapet sine eksisterande lånefasilitetar, inkludert uteståande obligasjonslån.
I samband med gjennomføring av refinansieringa forventar Fjord1 å lansere eit tilbod om tilbakekjøp av obligasjonar frå eksisterande obligasjonseigarar.
Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland seier at transaksjonen er symbolsk for kor robust Fjord1 framstår:
- Vi er stolte av tilliten som våre långjevarar har vist Fjord1. Vi ønskjer å halde fram med å tilby den sikraste, mest pålitelege og miljøvennlege ferjeverksemda i Noreg. Refinansieringa sikrar at vi held vår posisjon i marknaden, og kan fortsette elektrifiseringa av flåten for å møte etterspurnaden etter berekraftig transport. Gjennomføring av denne transaksjonen er symbolsk for kor robust
Fjord1 framstår for institusjonelle investorar, våre passasjerar og marknaden.
Pareto Securities AS og Wikborg Rein Advokatfirma AS har fungert som hhv. finansiell rådgjevar og juridisk rådgjevar for Fjord1 i samband med refinansieringa.