Biletet over frå venstre: Driftsdirektør Andrè Høyset og forretningsutviklar Tor Vidar Kittang er godt nøgd med ny kontraktstildeling.

 

Kolumbus AS har tildelt kontrakta til Fjord1 om drift av hurtigbåtrutene til Byøyene og Hommersåk, utanfor Stavanger og Sandnes. Dette er den andre miljøkontrakta til selskapet innan hurtigbåtdrift. 

Kontrakta har oppstart 1. januar 2024, og i løpet av det første året vil Fjord1 fase inn eit ombygd elektrisk fartøy, i tillegg til «Medstraum» som trafikkerer sambandet i dag.

- Det er veldig gledeleg at den store satsinga vi har innan miljøvenleg teknologi innanfor hurtigbåt slår ut i konkrete resultat. Med dette har selskapet bybåtane både i Stavanger og Bergen, seier driftsdirektør Andrè Høyset.

Kontraktstart for hurtigbåtrutene til Byøyene og Hommersåk er 1. januar 2024, og varer til 31. desember 2026, med moglegheit for to års forlenging.

Fjord1 skal drifte bybåtrutene i Bergen, Knarvik-Frekhaug-Strandkaien (Nordhordlandsruta) og Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta) i 15 år, frå 2025 - 2040.