Biletet over frå venstre; Leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga, deler ut prisen til Fjord1 og Ferdamat. Olav Strømstad tek imot på vegne av selskapet. 

  

Fjord1 mottok Storegutprisen 2023 under Litteraturdagane i Vinje sist laurdag. Prisen har namn etter diktsamlinga Storegut av Aasmund Olavsson Vinje, og er tildelt Fjord1 med bakgrunn i ein synleg og positiv bruk av nynorsk i det offentlege rom.

Vi meiner at Fjord1 og Ferdamat fyller tildelingskriteriet og vel så det! Det krev både mot og integritet å gjere all marknadsføring på nynorsk, og Fjord1 gjer det som ein naturleg del av verksemda. Dei viser at nynorsk er godt eigna til kommunikasjon med eit mangfaldig publikum, fortel leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga.

Les tidlegare pressemelding frå Nynorsk Kultursentrum i denne saka her!

Utdelinga av prisen var eit av dei store høgdepunkta under Litteraturdagane, som på vegne av Fjord1 vart teke imot av leiar for Ferdamat, Olav Strømstad:

Dette er sjølvsagt stor stas for Fjord1. Vi har nytta nynorsk målform i det offentlege rom i mange år; både om bord i fartøya, på nettsidene, i rapportar, i sosiale media og elles i malverket. For oss er det naturleg å skrive nynorsk, der målet er å skrive på ein god og lett forståeleg måte. Det er viktig for oss å ikkje bli for konservative i skriftspråket, men vise at det går an å skrive nynorsk som alle forstår. Vi er svært stolte over å motta denne gjeve prisen, og audmjuke over at vi vert lagt merke til, seier Strømstad.