Hødd Fotball og Fjord1 ASA er einige om ein treårig samarbeidsavtale som strekkjer seg ut 2023-sesongen, og Fjord1 vert dermed ny hovudsponsor i Hødd Fotball.
Marknadsansvarleg i Hødd fotball André Aurvåg Gardshol seier at klubben er svært glad for å få Fjord1 med på laget:
- Vi vil først takke Fjord1 ASA for ein god dialog og ryddig prosess. Hødd Fotball er særs takksame for at Fjord1 kjem inn som ny hovudsponsor i Hødd Fotball dei neste tre åra. Fjord1 er ein viktig og synleg aktør i lokalsamfunnet og denne avtalen gjer at vi kan fortsette å halde oppe det gode aktivitetstilbodet som vi har i klubben til born og unge. Fjord1 vil mellom anna bli godt synleg på draktene til breidde i treårsperioden. Fjord1 er ein solid aktør som vi ser fram til å samarbeide med dei komande åra, fortel Gardshol.
Leiar for Fjord1 Servicesenter, Heidi Skorpen seier at målsetnaden er å fremje mangfald, trivsel og nødvendige behov innanfor idrett og kultur i dei distrikta som ferjeselskapet opererer i.
- Fjord1 ønskjer å vere ein engasjert samfunnsaktør, og barn og unge er ein viktig del av målgruppa for sponsing. Vi er stolte over å støtte det flotte arbeidet til Hødd fotball, og håpar at samarbeidet vil vere til nytte og glede for mange barn og unge i åra framover, seier Skorpen.
Hødd Fotball ønskjer å takke Fjord1 ASA for avtalen, og ser fram til eit godt samarbeid.