Fjord1 har signert kontrakt med Tersan Shipyard, som omhandlar verdas første autonome ferjesamband, der fire nye nullutsleppsferjer skal drifte sambandet Lavik-Oppedal frå 1. september 2026.
 
Ferjene skal operere med autonom navigasjon og ein høg grad av automatisering av fartøyfunksjonar som erstattar manuelle operasjonar. Implementering av automatiseringsfunksjonar og autonome system, inkludert autocrossing og autodocking vil skje i 2027, medan autonom navigasjon vert implementert i 2028.
 
- Det var svært viktig for Fjord1 å vinne denne utviklingskontrakten der Statens Vegvesen set krav til å utvikle den grøne ferjenæringa eit steg vidare med krav til auka grad av autonomi og automatisering gjennom bruk av ny teknologi. Me har eit godt konsept som me ser fram til å realisera, fortel teknologi- og prosjektdirektør i Fjord1, Nils Kristian Berge.