Med hovudkontor i Florø og regionkontor i Bergen og Molde har vi rundt 1200 dedikerte medarbeidarar på sjø og land. Dei siste åra har vi investert i nærmare 30 nye el-ferjer og modernisert flåten vår for å møte klimakrava. No ser vi etter deg som vil vere med på denne reisa og bidra til berekraftige løysingar i ei framtidsretta bedrift.

Som trainee innan HMS og berekraft vil du arbeide med analysar og rapportering knytt til HMS- og berekraftsmål, og du vil delta i tverrfaglege prosjekt som fremjar HMS og berekraftige løysingar. Gjennom tett samarbeid med erfarne kollegaer og eksterne partnarar får du bidra til å utvikle og gjennomføre berekraftige strategiar som styrkjer Fjord1 sin leiande posisjon innan miljøvenleg transport.

Kven er du?

Vi ser etter ein nyutdanna eller ein som er i starten av karrieren, med ei relevant utdanning innan berekraft, HMS, miljøleiing, teknologi eller liknande fagfelt.

Du bør:

  • ha ei sterk interesse for HMS og berekraft
  • vere ein sjølvstendig pådrivar som og trivst med å samarbeide i team
  • vere analytisk og strukturert, med evne til å gjennomføre og levere resultat

Framtidsfylket sitt traineeprogram

Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gongar i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • maksimalt tre år arbeidserfaring etter studium
  • krav til norskkunnskap: B1

Kvifor velje Fjord1?

Hos oss får du ei unik moglegheit til å starte karrieren din i eit selskap som leiar an i den grøne omstillinga. Du vil delta i spennande prosjektarbeid på tvers av fagområde, få ansvar og høve til å påverke utviklinga i selskapet, og bli fulgt opp tett både fagleg og personleg. Fjord1 legg stor vekt på å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der alle føler seg velkomne og verdsett. Hos oss møter du engasjerte kollegaer som deler kunnskap, støttar kvarandre og bidreg til eit positivt fellesskap.

Søknadsfrist 1.mars - søk her: Framtidsfylket - Fjord1 Trainee : HMS og berekraft - Visere