Mandag kunngjorde Skyss at dei tildeler Sogn og Fjordane-kontrakten til Fjord1. Kontrakten trer i kraft i november 2027, og omfattar ferjesambanda Måløy – Husevågøy – Oldeide, Isane – Stårheim, Askvoll – Fure – Værlandet og Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella. I tillegg inkluderer kontrakten ein opsjon for drift av sambandet Askvoll – Gjervik – Fure. Kontrakten har ei varigheit på 15 år.

Regionleiar Jan Petter Thomsen er strålande fornøgd:

Vi er svært glad for at Fjord1 vart innstilt som vinnar. Dette er ein viktig milepæl for oss, og vi ser fram til å fortsette vårt arbeid med å tilby berekraftige og pålitelege transportløysingar i regionen.

Betydelege utsleppskutt

Som ein del av kontrakten vil Fjord1 implementere betydelege klimakrav. Sambanda Stårheim – Isane, og Måløy – Oldeide skal drivast heilelektrisk, med forbrenningsmotor som reserveløysing. For dei andre sambanda i Sogn og Fjordane-kontrakten vil det vere krav om delelektrisk drift. Skyss anslår at desse tiltaka vil redusere utsleppa med mellom 70 og 95 prosent samanlikna med dagens drift.

Vidareføring av dagens rutetilbod

Kontrakten inneber i hovudsak ei vidareføring av dagens rutetilbod og kapasitet på dei nemnde ferjesambanda. Fjord1 ser fram til å fortsette å levere påliteleg og miljøvennleg transport til våre passasjerar i Sogn og Fjordane.

Klagefrist er sett til 13.desember, så endeleg kontrakt vert signert etter dette.