Fjord1 boostar kampanjen rundt Ferjevettreglane for å auke kunnskapen og auke merksemda rundt tematikken. Målet er å gjere Ferjevettreglane meir kjent blant både tilsette og reisande, og vidare auke sikkerheit og trivsel om bord.
Kampanjen med Ferjevettreglane og Ferjevettsvela har fleire viktige mål:
- Auka sikkerheit og trivsel: Ved å gjere Ferjevettreglane meir synlege, ønskjer vi å førebyggje personskadar og skape eit tryggare miljø for alle om bord.
- Berekraft og omdømme: Kampanjen bidreg til berekraft i alle ledd og styrkar Fjord1 sitt omdømme som ein ansvarleg og påliteleg aktør.
- Rekruttering: Ein trygg og triveleg arbeidsplass tiltrekk seg dyktige medarbeidarar.
Ved lansering av Ferjevettsvela var representantar frå HR, sikkerheitsavdelinga og servicesenteret ute på ferjene og informerte og delte ut sveler til passasjerar. Gratis svele og informasjon om ferjevett!
- Dette er ikkje berre ei påminning om viktige sikkerheitsreglar, men også ein fin måte å gjere reglane meir tilgjengelege og synlege for alle våre reisande, fortel HR-rådgjevar Rebecca Liset og HMS-rådgjevar Caroline Kringstad.
Les dei 10 Ferjevettreglane her!
- Vi håpar å sjå positive effektar av denne kampanjen og oppmodar alle til å følgje Ferjevettreglane. Saman kan vi skape ei tryggare og meir triveleg reiseoppleving for alle, avsluttar ein samstemd gjeng om bord i MF Horgefjord.