Frå 2019 skal dei to største ferjesambanda på Sunnmøre gjennom ei av dei mest omfattande fornyingane vi har sett i norsk ferjehistorie. Totalt fem nye ferjer skal setjast inn, alle 111 meter lange, og med plass til 120 personbileiningar. Tre av ferjene skal inn på Hareid-Sulesund, to skal inn på Magerholm-Sykkylven.

– Det er strenge krav til utforming, utslepp og energibruk i den nye anbodskontrakten som vi har inngått med Møre og Romsdal fylkeskommune.. Vi er godt nøgd med å skrive avtale med eit vestlandsbasert selskap, som leverer godt på innovasjon, kvalitet og pris, seier Deon Mortensen, sikkerheits- og maritim teknisk direktør i Fjord1.

Alle dei fem ferjene skal driftast med null- og lågutsleppsteknologi. I utgangspunktet skal ferjene utelukkande nytte elektrisk framdrift. Fjord1 har inntatt ei leiande rolle innan det grøne skiftet i norsk transportnæring. Dei fem ferjene som skal inn på Sunnmøre vil styrke denne posisjonen.

Det er Havyard Ship Technology som skal byggje ferjene. I tillegg står Havyard Design & Solutions for design.

– Det er allereie kjent at Havyard skal byggje tre miljøvenlege ferjer for Fjord1 som skal inn på samband i Hordaland og Sør-Trøndelag. Vi ser no fram til å utvide dette samarbeidet med levering av ytterlegare fem ferjer, seier Arild Austrheim, leiar nybygg i Fjord1.