- Dette er nye og svært spennande stillingar som ikkje dukkar opp kvar dag! Ein gylden moglegheit til å bli med på laget og påverke vegvala til ei bedrift som er verdsleiande innan sitt felt, innleiar konstituert HR-leiar i Fjord1, Heidi Felle.
Selskapet har arbeidd med ny struktur og organisering sidan november. No er denne prosessen ferdig, og resultatet vert ny organisering frå mars for dei omlag 125 tilsette i administrasjonen.
- Det er ekstremt mykje som skjer i Fjord1! Vi veks, vi riggar oss for framtida og vi satsar stort! Vi skal betre kvaliteten i den daglege drifta, der drift utan avvik er noko av det viktigaste vi jobbar med på dagleg basis. Dessutan skal vi styrke selskapet sine evner til å utvikle nye forretningsmoglegheiter, og ikkje minst vinne nye lønnsame anbod. Difor treng vi fleire skarpe hovud med ulik kompetanse, utdjupar Felle.
Nokre stillingar er allereie lyst ut, men mesteparten kjem i løpet av dei neste to vekene. Dette er stillingar innan ulike områder som forretningsutvikling, anbodsarbeid, teknologi og prosjekt, innkjøp, HR og finans.
- Det som er spesielt kjekt, er at dei nye stillingane famnar om eit så brett kompetanseområde og alt i frå medarbeidarnivå til spesialist og toppleiing. Det er også veldig spennande at vi opprettar ei heilt ny kommersiell eining som skal arbeide med å identifisere nye marknader og moglegheiter til vekst i framtida! Om du eller nokon du kjenner er open for nye utfordringar, så burde du følgje med på Fjord1 i tida framover, avsluttar Felle.