Fjord1 sin mobilapp har lenge vore nyttig for å finne ruter, sjekke avgangar og sjå trafikkmeldingar. Men, for å fokusere på utviklinga av nettsida og samtidig løyse kundane sine behov, vel vi no å erstatte mobilappen med ei meir brukarvennleg nettside.

Fjord1 anbefalar alle som har mobilappen om å slette den, og i staden legge nettsida til som ein snarveg på heimskjermen på mobilen. Då vil forsida med rutesøk ligge på heimskjermen din på same måte som ein mobilapp!

Fordelar med lenke på heimskjerm

Å bruke ei lenke i staden for ein dedikert app har fleire fordelar: 

  • Krev mindre plass: Lenker tek ingen plass på telefonen, i motsetnad til ein mobilapp.
  • Ingen oppdateringar: Du treng ikkje å bekymre deg for å laste ned oppdateringar av appen. Nettsida vert kontinuerleg oppdatert.

- Lurar du kanskje på korleis du lenkar til heimskjerm? Sjå rettleiinga med tre enkle steg her: