Fjord1 og Sportsklubben Brann, ein av dei mest ikoniske fotballklubbane i landet, har inngått ein samarbeidsavtale som markerer starten på eit spennande partnarskap.

Fjord1 vil vere til stade på Brann sine heimekampar, men ønskjer å vektlegge partnarskapet rundt klubben sine berekraftsprosjekt. Fjord1 og Brann vil saman jobbe for å skape meiningsfulle initiativ som fremjar både miljøomsyn, samfunnsansvar og sportsutvikling.

Leiar for servicesenter i Fjord1, Heidi Skorpen fortel at ho er svært glad for samarbeidet, og partane sin felles visjon og verdibaserte styring:

Dette samarbeidet representerer ein unik sjanse for Fjord1 og Brann til å foreine krefter, i tillegg til å støtte samfunnsprosjekta som klubben driv. Vårt partnarskap rettar seg mot meiningsfulle oppgåver gjennom klubben sine initiativ innan aktivitet, nærvær, helse og velferd. Vi ser fram til å utforske nye moglegheiter og bidra til positiv utvikling som støttespelar for viktige samfunnsprosjekt, samtidig som vi aktivt fremjar talentutvikling og sportsengasjement blant unge i lokalsamfunnet.   

Leiar for marknad, kommunikasjon og samfunnsansvar i Sportsklubben Brann, Therese Andvik Rygg, er glad for å ha Fjord1 med som støttespelar: 

Vi skal jobbe målretta og initiere langsiktige prosjekt som hindrar utanforskap. Prosjekt som fremjar god mental og fysisk helse er Gatelaget, Brannsjansen, Stjernelaget, MOT og Hjertelosjen. Saman tar vi små skritt i riktig retning, og vi er veldig glade for å ha fått Fjord1 med på laget. Fjord1 er ein kjent merkevare på Vestlandet som fraktar våre supportarar til og frå bortekampar, og at dei ønskjer å støtte klubben sine berekraftsprosjekt ser vi på som verdifullt for klubben og Vestlandet generelt.