Jubel i prosjektgruppa, biletet over f.v.: Regionleiar Jan Petter Thomsen, forretningsutviklar Oddvar Hallset Reiakvam og prosjektleiar nybygg Arne Olai Midtbø, jublar etter å ha signert kontrakten.
Kontrakten omfattar fleire viktige ferjesamband i Sogn og Fjordane; Måløy – Husevågøy – Oldeide, Isane – Stårheim, Askvoll – Fure – Værlandet og Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella. I tillegg inkluderer kontrakten ein opsjon for drift av sambandet Askvoll – Gjervik – Fure.
Regionleiar Jan Petter Thomsen uttrykker stor glede over at kontrakten no er signert:
- Å få denne kontrakten i hamn er ein viktig milepåle, og vi ser fram til å levere berekraftige og pålitelege transportløysingar til dei reisande.
Les tidlegare sak her: Ny kontrakt tildelt Fjord1 - Fjord1
Frå diesel til eldrift
Kontrakten inneber at sambanda Måløy – Husevågøy – Oldeide, Isane – Stårheim og Askvoll – Fure – Værlandet skal gå frå diesel til elektrisk drift, samtidig som dei andre sambanda delvis skal drivast elektrisk.
- Denne kontrakten betyr at Fjord1 i løpet av dei neste tre åra skal gjennomføre ein kraftig reduksjon av dieselforbruk og CO2-utslepp frå ferjeflåten i gamle Sogn og Fjordane fylke, avsluttar Thomsen.