Fjord1 har fullført oppkjøpet av Osterøy Ferjeselskap, eit viktig steg i selskapet sin strategi for framtidig vekst og styrking av posisjonen i marknaden.

Oppkjøpet inkluderer 100 prosent av aksjane i selskapet, og generalforsamling med val av nytt styre vart gjennomført onsdag.

Osterøy ferjeselskap har sidan stiftinga 1. desember 2003 trafikkert sambandet Breistein–Valestrand, og driftar dei to fartøya MF Ole Bull og MS Ospenes. Selskapet har 10 faste tilsette og har opparbeidd seg eit godt rykte for påliteleg teneste. Frå nyttår startar ein ny kontrakt på vegne av Skyss som varer til 1. desember 2027.

Forretningsutviklar i Fjord1 og styreleiar i Osterøy ferjeselskap, Tor Vidar Kittang, er tilfreds med oppkjøpet:

 – Osterøy ferjeselskap representerer eit samband som ligg nært våre eksisterande ruter og er ein naturleg del av Fjord1 sin portefølje. Dette oppkjøpet er i tråd med vår strategi om å sikre framtidig vekst og utvikling i marknaden.

Med oppkjøpet legg Fjord1 til grunn at dagens drift og leiing i Osterøy ferjeselskap vert vidareført utan endringar, noko som sikrar kontinuitet for både passasjerar og mannskap.

Markering 15.november

Eigarskiftet vert markert om bord i MF Ole Bull fredag 15. november, der publikum er hjarteleg velkommen til markering mellom klokka 11:30 - 14:30.

Det vert servering av kaker og kaffi.