Fjord1 sine tilsette kunne stemme fram ein ideell organisasjon som ein skulle donere 200 000 kroner til før jul. Avstemminga, der ein stemte mellom fire kandidatar, gav tydlege resultat; heile 59 prosent av stemmene gjekk til Stine Sofies stiftelse!  

Stine Sofies Stiftelse jobbar for å sikre alle barn ein trygg barndom – utan vald og seksuelle overgrep.

Stine Sofies Stiftelse har sidan oppstarten i 2000 jobba for å sikre at barn får ein trygg oppvekst. Stiftinga jobber med å forebygge og avdekke vald og overgrep mot barn og unge, ivareta dei valdsutsette barna og styrke deira rettigheiter.  

- Viktig føremål 

Fjord1 har lenge vore engasjert i samfunnsansvar og støttar fleire gode formål. Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, er glad for at valet fall på Stine Sofies Stiftelse:

Stine Sofies Stiftelse er eit viktig føremål, og deira arbeid er avgjerande for å sikre at barn får den tryggleiken og omsorga dei fortener. Vi håpar at vårt bidrag kan vere med på å gjere ein forskjell.

- Betyr svært mykje

Grunnleggjar Ada Sofie Austegard og leiar for marknad og kommunikasjon i Stine Sofies Stiftelse, Marit Høigilt, fortel at gåva betyr svært mykje:

Vi er veldig takknemlege for støtta frå Fjord1. Det er svært rørande at dei tilsette med eit så stort fleirtal, ønskjer å støtte oss og barna vi jobbar for. Dette er verdifulle midler for å drive arbeidet vårt vidare. Tusen takk for at de bidreg til å gje fleire ein trygg barndom.