Biletet over f.v.: Adm.direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland og samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Arild Fuglseth signerte kontrakta 8.oktober.
Fjord1 er tildelt kontrakta for ferjesambanda Sølsnes-Åfarnes, Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding torsdag.
Kontrakta inneber ein omfattande reduksjon av C02-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk.
Regionleiar i Fjord1 Erlend Toftesund er glad og audmjuk for tildelinga.
- Vi vann anbodet og er sjølvsagt svært glade for dette. Fleire av fartøya skal over på eldrift / hybride løysningar. No ser vi fram til å jobbe vidare med desse sambanda som vi kjenner veldig godt frå før, betene kundegruppene som nyttar sambanda, og å utvikle Fjord1-kulturen mot det grøne skiftet. Vi takkar for tilliten som er vist og er klar til å levere tenesta ovanfor oppdragsgjevar og dei reisande. Stor takk skal rettast til eit samla lag frå Fjord1 knytt til denne leveransen. Vi konstaterer også at det er svært gledelig at verdien vår «samhandling» viser resultat i praksis, seier Toftesund.
Reduksjon av utslepp
Det vil frå 2024 bli fasa inn elektriske plug-in ferjer på sambanda Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm. Ved å sette inn miljøferjer reduserast C02-utsleppa med 7 209 tonn årleg. På sambandet Sølsnes-Åfarnes er det krav om to nye fartøy.
Kontrakta startar i 2020
Den nye kontrakta startar opp 1. januar 2020 for sambanda Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm. Sambandet Sølsnes-Åfarnes startar opp 1. januar 2022.
Fjord1 kan bruke overgangsmateriell på Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm fram til miljøferjene skal fasast inn. Det blir nye kaianlegg på sambandet Sølsnes-Åfarnes frå 2024.
Kontraktsummen er 2,260 milliardar kroner. Karensperioden for tildeling er 10 dagar.