Videoen over: Her knusar gudmor Lilly Gunn Nyheim flaska mot baugen, og MF Stangvikfjord er offisielt døypt.
1.oktober kunne MF Stangvikfjord endeleg feire dåpsdag med brask og bram – fire år etter at ho vart sett i drift på Kvanne-Rykkjem!
Det kunne kanskje minne meir om ein «vaksendåp» ettersom MF Stangvikfjord har vore i drift på Kvanne-Rykkjem sidan 2020. Koronapandemien førte til forseinkingar av dåpsseremonien, og Fjord1 har hatt fleire utsette dåpar å ta igjen etter den tid.
Men – etter at dåpen av MF Stangvikfjord no er overstått, er Fjord1 à jour når det gjeld utsette ferjedåpar frå koronatida.
Sola skein for dåpsferja, og mange publikummarar møtte fram på kaia i finværet!
Dåp av og feiring av nye kaier på Eidsdal-Linge
2. oktober vart ein stor merkedag for både Fjord1 og Møre og Romsdal fylkeskommune. Dåpsdagen var prega av feststemning, talar og snorklipping, der både ferjene og kaiane stod i sentrum.
Samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig (biletet under), opna arrangementet og ønska alle velkommen!
Dåp av MF Sunnylvsfjord
Dåpsarrangementet starta med seremoni for MF Sunnylvsfjord, der administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, ønskte velkommen og presenterte gudmor, skipsførar, verft og eigarar.
Gudmor (og styrmann) Stine Mari Nordholmen fullførte dåpen på tradisjonelt vis, akkompagnert av korpsmusikk før nasjonalsongen vart sunge.
Opning av nye ferjekaier
Etter første dåpsseremoni markerte Møre og Romsdal fylkeskommune opninga av dei nye ferjekaiene på Linge og Eidsdal.
Dåp av MF Norddalsfjord
Feiringa heldt fram med dåpen av MF Norddalsfjord. Igjen var det Dagfinn som leia seremonien, og gudmor Helle Firhøj Jensen (dagleg leiar i Visit Geiranger) gjennomførte dåpen.
Søsterferjene er designa av HAV Design, og tek 80 personbileiningar. MF Sunnylvsfjord trafikkerer Stranda–Liabygda, og MF Norddalsfjord trafikkerer Eidsdal–Linge.
– Dette er moderne el-ferjer som går heilelektrisk. Dei er optimaliserte og skreddarsydd for sambanda med omsyn til stabilitet og energieffektivitet, i tillegg til gode passasjerfasilitetar. I tillegg til dei store utsleppskutta som fartøya representerer, vil det og innebere eit stort kvalitetsløft for våre reisande, sa administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.
Når dåpsseremonien var avslutta, opna MF Norddalsfjord dørene for omvising og lett servering, noko mange besøkande nytta seg av. Den offisielle dåpsdagen vart avslutta med ein visningstur på Norddalsfjorden.