Her er avtalen nettopp signert, biletet over f.v.: Prosjektleiar i Florø Bygg Magnus Thaule, leiar for servicesenteret Heidi Skorpen, prosjektleiar Odd-Bjarte Johnsen, IKT drift og sikkerheitsansvarleg Ole Magnar Lillestøl, distriktsleiar NordVest Novaform Jim Tore Kristiansen, Emma Langeland i Florø Bygg og dagleg leiar i Florø Bygg, Steinar Korneliussen.

 

Den lokale entreprenøren Florø Bygg får arbeidet med å bygge om og rehabilitere andre etasje austfløy i Fjord1 sine lokale i Strandavegen i Florø - det som etter kvart skal bli kontrollsenteret til Lavik-Oppedal.

Oppstart på prosjektet er sett til 1.mars, med planlagd ferdigstilling i september 2025.

Drift av kontrollsenteret er sentralt for kontinuerleg overvaking av autonom operasjon av dei fire ferjene som skal operere sambandet Lavik – Oppedal frå september 2026.

Prosjektleiar Odd-Bjarte Jonhsen er glad for at kontrakten med totalentreprenør no er signert:

Å etablere eit kontrollsenter på land er ei ny erfaring for Fjord1, og prosessen fram til dette punktet har vore svært engasjerande. Det er flott at arbeidet vert sett i gong snarleg, og vi ser fram til å sjå resultata når arbeidet er fullført!

Les tidlegare sak her: Signerte kontrakt om verdas første ferjesamband med sjølvgåande ferjer - Fjord1

Sjå illustrasjonane av kontrollsenteret