- Fantastiske skiftordningar, gode karrieremoglegheiter, nærheit til familien og omfattande velferdsordningar er fordelar du har i Fjord1, innleiar maskinsjefane.
Kevin Liland (26) er maskinsjef om bord i MF Davik (biletet over), som trafikkerer strekninga mellom Askvoll- Gjervik-Fure, ytst i havgapet. Det er no 10 år sidan han begynte på utdanninga innan maskinfaget, og har sidan gått gradene frå motormann til maskinsjef. Fram til i fjor har han jobba verda over på cruise, for å nemne noko.
I dag er Kevin busett i Måløy med sambuar og barn.
Som mange andre, kom Kevin til eit klassisk punkt i livet kor han ville justere kursen, og det var då Fjord1 kom inn på radaren:
- Det er familievennleg å jobbe i Fjord1, og dette vart eit stort trekkplaster for meg. Samtidig som eg ville sleppe lange turnusar, ønska eg likevel eit stort fagnettverk og eit organisert selskap med ting på stell, inkludert gode velferdsordningar. Dette fekk eg i Fjord1.
Trygg arbeidsplass
For Kevin er det kombinasjonen av gode karrieremoglegheiter og nærheit til heimen som er gull verdt i kvardagen. Han trekk fram Fjord1 som ein trygg arbeidsplass, omslutta av eit stort fagmiljø med sterk kompetanse og hyggelege kollegaer:
- Fjord1 er ein trygg og stabil arbeidsplass med langvarige kontraktar, så her kan eg jobbe til eg blir pensjonist om eg vil. Turnusen justerer ein god balanse mellom arbeid og fritid. I fulltidsstilling jobbar eg faktisk berre 86 døgn om bord på eit år!
- Unik skiftordning i Fjord1
Også mannskapet på sambandet Stårheim-Isane jobbar døgnskift. Akkurat som Kevin, jobbar maskinsjef Jens-Arne Benjaminsen (biletet under) eit døgn om gongen om bord i MF Selje.
Her jobbar Jens-Arne altså eit døgn om bord, før han har fri det neste døgnet. Slik går han i 14 dagar, så er det fri ei veke. Etter dette er det nye 14 dagar med døgnskift, før han har tre veker fri.
- Dette er ei heilt fantastisk skiftordning! Ei betre skiftordning trur eg faktisk ikkje det er mogleg å få for ein sjømann. Det beste er at du får delta aktivt på heimebane samtidig som du jobbar på sjøen. Du får ein heilt anna tilknyting til heimen enn andre sjømenn som generelt går lengre turnusar, seier han og poengterer:
- I tillegg er det jo enkelt å jobbe ekstra om bord eller på andre fartøy, om eg ønskjer det.
Jens-Arne begynte i Fjord1 i 2017 etter fleire år på brønnbåt i utlandet, noko han aldri har angra på.
- No kan eg hjelpe til med både lekser og fotballtrening, kveldsstell og det som trengst. Annankvar dag med kveldsstell- og morgonstell. Jobb på sjøen og familieliv i skjønn foreining, rett og slett!
Karriereutvikling
Som maskinsjef er ei utdanning innan maritim eller teknisk retning viktig, men det handlar og mykje om erfaring. I Fjord1 får tilsette utvikle seg fagleg gjennom interne kurs og tilbod om vidareutdanning.
- Fjord1 satsar på utvikling og kompetanseheving gjennom interne opplæringsprogram i «Fjord1 skulen», og ved å arrangere samlingar for oss sjøtilsette. Det er og gode moglegheiter på tvers av flåten, der du kan få utsjekk og anledning til å prøve deg på andre typar fartøy. Alt i alt meiner eg at vi har gode moglegheiter til fagleg vekst og utvikling, fortel Kevin.
Bli ein del av Fjord1
Som maskinsjef i Fjord1 får du ansvar for den teknologiske drifta av ferja og ein unik moglegheit til å bidra til det grøne skiftet i norsk ferje- og hurtigbåttransport.
No står Kevin, Jens-Arne og resten av mannskapet på MF Davik og MF Selje klare til å ta imot fleire kollegaer– både hos seg sjølv, og om bord i andre fartøy!
- Våre fartøy er nok ikkje dei mest avanserte, men Fjord1 jobbar kontinuerleg med oppgraderingar, ombyggingar og nybygg. Dei fleste ferjene i gamle Sogn og Fjordane skal oppgraderast dei neste åra. Vi ser jo at det er stadig utvikling i selskapet, kor det dukkar opp interne moglegheiter innan byggetilsyn og liknande. Det er fordelen med å vere ein del av eit stort fagmiljø som du blir i Fjord1.
Les meir om ny kontakt i gamle Sogn og Fjordane, med oppstart i 2027: Fjord1 har signert kontrakten - Fjord1
Om du deler Kevin og Jens-Arne sin entusiasme for maskin, teknologi, utvikling og berekraft, burde du lese meir om korleis det er å vere maskinsjef i Fjord1 her: Maskinsjef - Fjord