Det skal utførast naudsynt forsterkingsarbeid samt forlenging av tilleggskaia på Kvanne ferjekai. Arbeidet vil gå føre seg i to veker frå onsdag 29. november. Rutetidene på sambandet Kvanne–Rykkjem vil bli noko endra i perioden. Grunna fartøybyte blir det endringar også på sambandet Arasvika–Hennset. Det vil bli vidare arbeid i fire månader med mindre endringar på rutetidene, men då berre på sambandet Kvanne–Rykkjem.
Endringar på Kvanne–Rykkjem 29. november – 12. desember
Det blir sett inn ei mindre ferje mellom Kvanne–Rykkjem i den perioden arbeidet går føre seg, slik at sambandet kan haldast mest mogleg opent. Arbeidet kan bli fullført tidlegare enn beskrive.
Kvardagar: Første avgang morgon kl. 5.15 frå Kvanne. Siste avgang kveld kl. 22.05 frå Rykkjem.
Laurdag: Første avgang morgon kl. 6.15 frå Kvanne. Siste avgang kveld kl. 23.25 frå Rykkjem.
Søndag: Første avgang morgon kl. 7.25 frå Kvanne. Siste avgang kl. 22.45 frå Rykkjem.
Vogntog bør velje omkøyringsveg
FRAM oppfordrar alle lasta vogntog til å velje alternative vegar i desse to vekene, då avløysingsferja på Kvanne–Rykkjem har avgrensa kapasitet. Det er som nemnt sett inn ei mindre ferje på sambandet for å halde det opent mest mogleg.
Endringar på Arasvika–Hennset 29. november – 12. desember
Det vil også bli endringar i rutetidene på ferjestrekninga Arasvika–Hennset, grunna fartøybytte. Mannskapsbyte og reglar for kviletid for mannskap gjer at opningstida må reduserast.
Kvardagar: Første avgang morgon kl. 7.45 frå Arasvika. Siste avgang kveld kl. 20.30 frå Hennset.
Laurdag: Første avgang morgon kl. 10.15 frå Arasvika. Siste avgang kveld kl. 18.30 frå Hennset.
Søndag: Første avgang morgon kl. 10.15 Frå Arasvika. Siste avgang kl. 19.30 frå Hennset.