Det er tid for ferjedåp igjen; MF Stangvikfjord, MF Norddalsfjord og MF Sunnylvsfjord skal døypast!

Bli med å feire saman med mannskap, gudmødre, eigarar og verft!

I tillegg til flotte talar og musikkinnslag, vert det servering av kaker, svele, kaffi og brus begge dagane. Det vert også anledning til ein liten visningstur med MF Norddalsfjord.  

Tysdag 1.oktober ved Kvanne ferjekai

MF Stangvikfjord vert døypt tysdag 1.oktober ved Kvanne ferjekai.

Ferja legg til kai klokka 12:55, og seremonien startar kl. 13:20.

Velkommen om bord etter seremonien for servering av lett lunsj medan MF Stangvikfjord går tilbake i rute!

 

Onsdag 2.oktober ved Linge ferjekai

Onsdag 2. oktober vert ein festdag ved Linge ferjekai, der både MF Sunnylvsfjord og MF Norddalsfjord skal døypast.

Dåpen av MF Sunnylvsfjord startar klokka 14:00, og etter seremonien vil Møre og Romsdal Fylkeskommune markere dei nye ferjekaiene i Eidsdal og Linge med ei høgtideleg opning klokka 14:40. Her kan du få med deg snorklipping, flotte talar og musikalske innslag!

Etter opninga, rundt klokka 15:10, vert det døypt enda ei ferje, MF Norddalsfjord.

Vi serverer smakfulle kaker, kaffi, svele og brus i teltet på kaia etter begge dåpane, og inviterer publikum til ein spennande visningstur med MF Norddalsfjord klokka 15:35. 

 

Hjarteleg velkommen!