Reisande mellom Kleppestø-Strandkaiterminalen får eit betre tilbod samanlikna med tidlegare, ettersom båtane no går kvart 20.minutt i rushtida (framfor kvar halvtime).

  • Avgang kvart 20.minutt frå klokka 06:30-09:20, og 13:43-17:00 måndag-fredag.
  • Avgang kvart 40.minutt elles på dagtid, kveld og helg.

Båtane går i kvardagar mellom klokka 06:03-18.40, og laurdagar mellom kl. 08:23 – 18:40.

Dei to båtane som køyrer i sambandet er MS Ekspressen og MS Fjordlys. To nye heilelektriske båtar skal etter kvart erstatte desse. Nytt linjenummer frå 20.januar blir 490.
For melde deg på trafikkmelding fram til oppstartsdato må du melde deg på midlertidig rutenummer 2070.

Nordhordlandsruta

Fjord1 tek også over Nordhordlandsruta 20.januar, mellom Knarvik-Frekhaug- Bergen. Det vert ikkje endringar i rutetilbodet frå oppstart. MS Fjordkatt vil køyre i sambandet fram til nytt fartøy er på plass.

Varsel på SMS

Alle som ønskjer varsling om avvik i rutene, bør melde seg på SMS-varsling: Motta SMS med trafikkmeldingar - Fjord1

Sjå elles Skyss sine sider for meir informasjon om rutene.