Mange lurar på det same, her er ei oversikt.
Ein betaler enten ved at bilen sitt kjennemerke blir registrert med kameraregistrering eller at autopassbrikke blir lest.
Om du ønskjer å betale manuelt, ta kontakt med ein matros. Ein kan kun betale manuelt med kredittkort. Det er ikkje mogleg å betale med kontantar på ferje.
Ein betalar kun for køyretøyet. Passasjerar er gratis, dette gjeld både dei som er passasjerar i køyretøy og dei som kjem til ferjekaia på andre måtar.
Med ferjeavtale eller Autopassbrikke registrert på kjennemerket får ein rabatt på ferjereisa.
Dei trafikantane som ikkje har rabattavtale eller har registrert seg på ferrypay.no vil få ettersendt faktura pr. post for det reisa kostar, med eit fakturagebyr på 70 kr.
Faktura vert sendt til registrert eigar av køyretøyet.
Av omsyn til tryggleik og særleg brannfare, skal alle forbrenningsmotorar innmontert i motorvogn eller tilhengar vere stoppa under overfarten. I særlege tilfelle kan likevel skipsførar tillate at andre forbrenningsmotorar enn framdriftsmotor går under overfart. Dersom du treng å ha t.d. kjøleaggregat i gang, ber vi om at du tek kontakt med ferja før planlagt avgang. Særlege plasseringsreglar på ferjedekket vert gjeldande, og sjåfør skal under overfarten føre kontinuerleg tilsyn med køyretøyet.
Ta kontakt med mannskapet før du køyrer om bord, slik at du får ei god plassering tilpassa dine behov. Om vi er merksam på dette behovet vil vi tilrettelegge for deg etter beste evne.
På dei fleste sambanda finn du telefonnummeret ved å gå inn på "generell informasjon" under det aktuelle sambandet. Om telefonnummeret ikkje ligg der, kan du ringe sentralbordet på tlf. 577 57 000.
Det er Autopassferje, som driftast av Skyttel AS som administerer dette, på oppdrag frå Statens vegvesen.
Ferjeselskapa sender ikkje ut rekning, og lagrar heller ikkje reisedata. Du kan ta kontakt med Autopassferje her!
Nei. Av omsyn til tryggleik og særleg brannfare, skal framdriftsmotor alltid vere stoppa under overfarten.
I bemanna kioskar kan du betale med kontantar i perioden kiosken er betjent. I ubemanna kioskar må du betale med bank, kredittkort eller Vipps.
Ja, du kan ta med dyr, men dei må vere att i bilen eller plassert i bur (som du eventuelt kan låne om bord) under overfarten. Kjæledyr kan ikkje vere med inn i salongområdet.
OBS! På nedre bildekk på Arsvågen-Mortavika kan ikkje passasjerar sitte i bilen under overfarten. Om du får denne plasseringa og ikkje ønskjer at kjæledyret skal vere att i bilen aleine, må du ta med deg til øvre bildekk og eventuelt plassere det i bur.
Ja det kan du, men det er ikkje lov å sykle om bord! Du må difor trille sykkelen både ved på- og avstiging.
Nei, dessverre! Fjord1 har avtale med oppdragsgjevar basert på konkrete avgangstider, og presis avgang er avgjerande for at også etterfølgjande turar får presis avgangstid.
Presis avgangstid er også ein del av servicen som kundar får ved å kome i land til planlagt tid. Vi kan difor ikkje imøtekome ønskje frå enkeltkundar om å vente.
Større avvik i ferjerutene vert kunngjorde på hovudsida på Fjord1.no og på infosida for sambandet. Det blir også kostnadsfritt sendt trafikkmeldingar for enkelsamband via SMS til dei som abonnerer på tenesta. Ein kan også laste ned Fjord1 sin mobilapp med oppdatert informasjon og trafikkmeldingar.
Kunngjering og skilting av ev. omkøyringsvegar er Statens vegvesen sitt ansvar. Informasjon om dette finn du på www.vegvesen.no eller på tlf. 175. Tlf. 175 er også oppdatert på driftsavvik.
Betalingskonseptet «AutoPASS for ferje» skal erstatte den gamle ordninga med verdikort og storbrukarkort.
Ein avtale om AutoPASS for ferjer inneber:
For meir informasjon sjå: www.autopassferje.no
Elbil betaler no 70% av taksten til konvensjonelle køyretøy. Bompenge-delen av billetten er det ikkje rabatt på.Sjåfør er alltid inkludert i billetten for bilen. Personar reiser gratis på alle samband.
For å berekne taksten for bil og hengar tek ein utgangspunkt i biltaksten. Føresetnaden er då at det er snakk om ein personbil under 6 meter og under 3500 kg.
Dersom totallengda på bil og hengar er under 10 meter skal ein gange biltaksten med 2.
Dersom totallengda på bil og hengar er over 10 meter skal ein gange biltaksten med 3.
Dersom biltaksten inkluderar bompengar skal ein berre legge desse til ein gang.
Døme på utrekning av takst for bil og hengar over 10 meter på sambandet Brekstad-Valset:
Biltakst kr. 145 x 3 + bomp. kr. 79 = totalpris kr 514,-
Sjå informasjon under kvart enkelt samband for informasjon om billettprisar.