Prosjektgruppa frå venstre: prosjektingeniør Vegard Næss, teknologi og utviklingsingeniør Svein Arne Torvanger, prosjektingeniør Martine Furnes Pettersen, forretningsutviklar Merete Juel, prosjektleiar for anbodet Terje Seljestokken og prosjektingeniør Oscar Bergheim. Ikkje tilstade på biletet: leiar for nybygg Arild Austrheim og Odd-Bjarte Johnsen.

 

Frå 2025 skal selskapet drifte bybåtrutene Knarvik-Frekhaug-Strandkaien og Kleppestø-Strandkaien.

- Det er ein stor dag for alle tilsette i Fjord1, vi har vunnet den nye kontrakta for bybåtane i Bergen med ny miljøteknologi, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Fjord1 er tildelt ei 15-årskontrakt med ny generasjon hurtigbåt med nullutsleppsteknologi. Frå 2025 skal selskapet drifte bybåtrutene Knarvik-Frekhaug-Strandkaien og Kleppestø-Strandkaien. Tilbodet vert forbetra med to båtar på Kleppestø-Strandkaien mot dagens eine.

Neteland seier at dette er ein merkedag for selskapet:

- No er Fjord1 endeleg tilbake på hurtigbåt! Vi har venta i årevis på ny miljøvennleg teknologi innanfor hurtigbåt-marknaden, og no er teknologien tilgjengeleg. Fjord1 har ambisjonar om også å vere leiande innan hurtigbåt. Vi er klar til å ta fatt på dette spennande arbeidet med å gjere hurtigbåtdriffa berekraftig i åra som kjem.