Fjord1 held fram som hovudsponsor for Sogn og Fjordane Skikrins i tre nye år. Fjord1 har hatt eit langvarig samarbeid med skikrinsen og den nye avtalen sikrar samarbeid mellom partane fram til og med 2024.

Heidi Skorpen, leiar for servicesenteret i Fjord1, seier samarbeidsavtalen skal kome skiidretten i Sogn og Fjordane til gode:

- Vi i Fjord1 ønskjer å vere ein engasjert samfunnsaktør og bidra som støttespelar innan idretten i fylket, og vi meiner Sogn og Fjordane Skikrins gjer eit viktig arbeid som Fjord1 vil vere ein del av. Avtalen sikrar skikrinsen eit godt grunnlag for å halde fram breidde- og rekrutteringsarbeidet i alpinsporten.

Leiar i alpinkomiteen Per Asbjørn Felde er svært glad for at samarbeidet held fram dei neste åra: 

- Vi er stolte å kunne vidareføre det gode samarbeidet med Fjord1 som ein viktig samarbeidspart for utviklinga av alpinsporten i skikrinsen dei neste åra. Tilrettelegging av krinssamlingar og rekrutteringstiltak er, saman med arbeidet i klubbane, nøkkelen til rekruttering og breiddeaktiviteten. Dette er viktige satsingsområde som vert vidareført dei kommande åra, seier Felde.