Fjord1 opplever i desse dagar ei auke i trafikken på E39 Arsvågen-Mortavika i Rogaland. Tidlegare har Fjord1 oppmoda reisande om å bli sittande i køyretøyet som følgje av koronasmitte, og underdekket på sambandet har difor vore stengd sidan mars. Som følgje av stadig fleire reisande, gjenopnar no Fjord1 underdekket på ferjene på Boknafjorden.

Med bakgrunn i sikkerheitsmessige årsaker må passasjerar i køyretøy som vert tilvist plassering under dekk, opphalde seg i salongen under overfarten.

- Når vi no opnar opp underdekket på dette sambandet, betyr det at vi får teke med oss fleire passasjerar per tur, så dette håpar vi vert godt motteke. Køyretøy som ikkje ønskjer å stå på underdekket, må ikkje køyre om bord før dette er avtalt med mannskapet. Fjord1 følgjer nasjonale føringar for smittevern, og vi minner samtidig  våre reisande om å følgje retningslinjene knytt til avstand og god handhygiene i publikumsområda våre, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.