Fjord1 går gjennom ein spennande vekstfase med ei rekke nye samband og fartøy, og etablerer i denne samanheng ein ny region som blir operativ i løpet av hausten. Geir Vangen (53) er tilsett som regionleiar for denne regionen - Region 4 - som omfattar Fjord1 sine samband i Hordaland. Frå 2020 vil Fjord1 operere 11 samband i denne regionen.

Vangen kjem frå Loddefjord, og er utdanna samfunnsøkonom i frå Universitetet i Bergen. Dei siste 13 åra har han arbeidd innan forsikring og bank, høvesvis i Tryg Forsikring og Nordea, sist som regionsdirektør Nordea Vest (privatmarknad). Vangen starta i Fjord1 den 1.september.

Jan Petter Jagedal Thomsen (38) tek over stillinga som regionleiar for Region 2.

Thomsen er busett i Florø, og kjem frå stillinga som banksjef i Sparebanken Vest. Thomsen har sin første arbeidsdag 1.november, og får ansvar for Fjord1 sine ferjesamband i Romsdal/Midtre Sunnmøre, lokalbåtane i Sogn og Fjordane, og reiselivsengasjement gjennom leveranse av maritime operasjonar til The Fjords.

Driftsdirektør Andrè Høyset er svært tilfreds med tilsettingane, og føler seg trygg på at dei vil bidra positivt i ein viktig vekst- og omstillingsfase for Fjord1.

-Vi omstiller selskapet  slik det er mest føremålstenleg i møte med det grøne skiftet, der ny teknologi og ny kompetanse står sentralt. Fjord1 har vunne mange nye «grøne kontraktar» dei siste par åra, og vi har auka behov for kompetanse innan endringsleiing. Vi har difor henta inn leiarar frå ein bransje som har vore gjennom store omstillingar over lang tid, og meiner dette er viktige erfaringar med tanke på vår maritime verksemd som skal gire om til det grøne skiftet, fortel Høyset.