Biletet over, "digital handshake" mellom administrerande direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland og vegdirektør i Statens Vegvesen Ingrid Dahl Hovland (nedst frå venstre hjørne).

Med den første digitale signeringa av ei anbodskontrakt nokonsinne for Fjord1, har selskapet offisielt sikra seg ei ny 10-årskontrakt, med oppstart 1.desember 2022. Dette vert den andre anbodskontrakta til Fjord1 i Nordland, men den første langvarige kontrakta i dette fylket, med varighet til 30.november 2032.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland er svært glad for dagens kontraktssignering, og skryt samtidig av oppdragsgjevar Statens Vegvesen si satsing på nullutsleppsteknologi i denne landsdelen.

- Dette er ei viktig miljøkontrakt for Fjord1 der oppdragsgjevar har sett krav til 90% nullutslepp og inntil 10% biodrivstoff. Med dette viser Statens Vegvesen i kontraktsgrunnlaget at dei er langt framme med omsyn til miljø og ny teknologi, noko som dei fortener stor honnør for! Denne anbodskontrakta forsterkar Fjord1 sin posisjon i Nordland, og vi ser fram til få eit betre fotfeste som ein tilbydar av miljøvennlege ferjer i denne delen av landet. Med denne kontrakta vil selskapet drifte heile 39 elektriske ferjer, noko som gjer Fjord1 til den mest miljøvennlege operatøren på verdsbasis, seier Neteland.

Kontraktsvedien er på over ein milliard kroner. Med sine 15 kilometer vert sambandet Drag-Kjøpsvik det lengste sambandet i Noreg som vert elektrifisert. Her vert det sett inn ei ferje på 120 PBE (personbileiningar). På Bognes-Skarberget er det sett krav om to ferjer på minimum 200 PBE til saman.

- Fjord1 kan love trafikantane eit betydeleg løft på desse to sambanda frå desember 2022, både i ferjemateriell og i antal rundturar, heile året. Dette er ein viktig milepæl for selskapet der vi ser fram til ny teknologi i ein spenannde landsdel som vi gler oss til å bli betre kjent med, seier Neteland.

Bileta under: Driftsdirektør Andrè Høyset (til venstre), forretningsutviklar Merete Juel, og prosjektleiar Tor Vidar Kittang deltok og frå Fjord1 under signeringsmøtet, i tillegg til fleire representantar frå Statens Vegvesen (på skjerm i bakgrunnen).