Martha Kold Monclair er valt inn som ny styreleiar i Fjord1. Her skal ho leie styrearbeidet saman med representantar frå dei tre investorselskapa DIF Capital Partners, EDF Invest, og KLP - Kommunal Landspensjonskassse gjensidig forsikringsselskap.

Brei erfaring

Monclair har lang erfaring innan leiing og forretningsutvikling i bransjar som energi, shipping og havbruk.

Ho har og ein sterk akademisk bakgrunn innan naturvitskapelege fag og forretningsstrategi. I tillegg har ho 25 års styreerfaring frå både private og offentlege verksemder.

- Fjord1 er eit spennande og veldriven selskap som dei siste åra har investert mykje i lav- og nullutsleppsteknologi. Halvparten av fartøyflåten er elektrifisert og selskapet vil satse vidare for å vere i front på berekraftsarbeid. Eg ser fram til å vere med på reisa og skape verdiar for eigarar, tilsette og samfunnet.